Lene Knapstad har brei fagleg erfaring frå statleg forvaltning, domstolen (tingrett og Høgsterett) og som advokat. I dag arbeider ho mest med fast eigedom, familie- og arverett, strafferett og prosedyreoppdrag. Knapstad er fast forsvarar for Sogn og Fjordane tingrett og Gulating lagmannsrett. Knapstad er frå april 2020 oppnemnt som medlem av ei ny klagenemnd som regjeringa har etablert for klagesaker i samband med feilbehandling av EØS-saker i NAV.